Faretegn
• Fersk vindtransportert snø • Vinden tek seg opp att no, og det er ferks vindtransportert snø. det er ein del laussnø tilgjengeleg for transport
Skredaktivitet
• 23. jan. I løpet av dagen (+01:00) • Ingen skredaktivitet • Ikkje observert naturleg skredaktivitet i Grasdalen. Det har vore skiftande sikt, men greitt nok til å få oversikt utpå ettermiddagen. Usikkerheit med snøen som kom med lite vind på morgonen. Den kan dekke over spor etter mindre skred. Skredkontroll vart gjennomført i Grasdalen - sjå Halgeir sin obs for beskriving
Vær
• Ikke nedbør • -2 °C • 5 m/s fra SØ ↖ • 20% skyer • Skiftande vêr siste døgn. Mildt i går, kraftig vind frå SA-NV med skiftande vindretning gjennom døgeret. Slo om til snø også på vegnivå i løpet av natta. Mindre vind utover morgonen.
Snødekke
• 70 cm • 15 cm • Nysnøgrense på 400 moh • Mye tørr løssnø (10-30cm) • Tørr • Veldig bra • Usikker på nysnøgrense då det slo om i løpet av natta. ihvertfall snø på 400 moh, men har ikkje vore lågare i dag. Tørr snø på overflata, og snøpakka generelt er ikkje prega av fukt i Grasdalen på 900moh. Meir fukt i snøen i Skjæringsdalen på 600 moh. Lite snø i terrenget på fjellet. mykje oppstikkande terreng i mange av fjellsidane. Mange stader utan samanhengande flak
Tester
• ECTN10@25cm(Q3) • Middels • Bryt ganske lett, men var ikkje hard fokksnø der eg tok test så fekk ikkje ectP. Hadde det vore samanhengande flak, så hadde nok heile blokka gått i brot.
Snøprofil
• Leside etter pålagring siste døgn • Vedvarende svakt lag: under flak, grunt
Skredproblem
• Tørre flakskred • Nedføyket svakt lag med nysnø • Innen en halv meter • Det overliggende laget er mykt. • Lett å løse ut • 1 - Små • Noen bratte heng N, NØ, Ø, SØ, S, SV, NV • Sjiktovergonger i den nye snøen frå siste døgn. Truleg meir utbredt lenger opp i fjellet der vinden har vore hardare. Lite samanhengande flak, difor satt liten skredstørrelse. Dette er inntrykket frå observerte fjellsidar i området og skredkontroll i dag
• Tørre flakskred • Kantkornet snø under skarelag • Innen en halv meter • Stor, tydelig gjenkjennbar krystall i det svake laget. • Lett å løse ut • 1 - Små • Noen bratte heng N, NØ, Ø, SØ, S, SV, NV over 900 moh • I og med at det har vore vekslande vind kan det truleg finnast fokksnø i mange himmelretningar. Dette laget kollapsar lett, men det verker å ha liten evne til forplanting. Der det er gjort observasjon ligg det ikkje på ei glatt overflate og det er ikkje fast flak over, difor er det valt liten skredstørrelse. dette stemmer bra med erfaringar frå området
Skredfarevurdering
• I Grasdalen er det ikkje observert naturleg skredaktivitet frå siste døgn. Sjølv om det har vore mykje nedbør og vind siste dagar har det vore mindre skredaktivitet enn venta i område, både av blaute skred og tørre flakskred frå høgfjellet. Skredkontroll vart gjennomført på Napefonn i går med lite resultat. SKredkontroll vart gjennomført på Sætreskarsfjellet i dag med fleire små (str 1-1,5) skred som resultat. Det er tydeleg at det er noko ustabilt i snødekket, for det losna fleire små skred med noko avstand sjølv med oppstikkande terreng mellom. Snødekket er lite påverka av mildvêr over 900 moh og snøoverflata er laus og lite vindpåverka. Rakk ikkje lang tur på ettermiddagen, så kom ikkje over 1000moh, men har vore i området i heile dag og hatt noko sikt innimellom. Der det er fersk fokksnø er det nok lett å påverke svake lag innad i fokksnøen eller kantkornlag, men det er mange stader i fjellet som ikkje har store samanhengande flak. • Ein del laussnø tilgjengeleg for transport kombinert med nedbør og vind fører til auka fare neste døger. • 2 Moderat • Varslet faregrad er for høy • Inntrykket på denne staden per i dag er meir på FG2 enn 3. Situasjonen er nok annleis i høgfjellet over 1500 moh. Faren auker i løpet av natta, så i morgon er det nok rett med FG3